Alt uavklart? Eit forfattarmøte med Unn Conradi Andersen på Litteraturhuset i Trondheim

Tidlegare journalist og kommentator Unn Conradi Andersen debuterte i haust med romanen Alt uavklart. Her undersøkjer ho si eiga familiehistorie knytt til NS, men flytter tematikken inn i vår tid.

Romanen handlar om Torunn som er oppteken av å fortelje andre sine historier, samstundes som ho ikkje har språk for sine eigne erfaringar. Da ho startar arbeidet med å skrive om sin eigen families løyndom, blir ho stilt overfor fleire dilemma: Kven eig ei historie? Kva språk kan vi nytte om andre menneske?

I ein intens og utforskande roman undersøker Andersen spørsmål knytta til rase og seksualitet. 

Aftenposten sin meldar konkluderte med at Andersen avdekkar blinde flekkar med stor treffsikkerheit, medan Dagsavisen karakteriserte romanen som ein svært sterk debut og den beste skildringa som er skriven frå eit avismiljø så langt.

På arrangementet vil Andersen lese frå boka, og diskutere bokas kjernetema i dialog med førsteamanuensis Stine H. Bang Svendsen. Dei vil diskutere nazismens betydning for det språket vi nyttar om rasisme i Norge i dag. Kva slags forteljingar stilnar når vi let vere å seie ”rase”?  Kva erfaringar og opplevingar er det vi strevar med å sette ord på, i møte med rasisme?

Tirsdag 24. april 2018 kl. 19.00–21.00
Litteraturhuset i Trondheim, Sellanraa Søndre gate 1, Trondheim, Norge
Kjøp billett

Fotograf: Agnete Brun

Se arrangement på Facebook: Alt uavklart? Eit forfattarmøte med Unn Conradi Andersen
Se arrangement på litteraturhusetitrondheim.no: Alt uavklart? Eit forfattarmøte med Unn Conradi Andersen på Litteraturhuset i Trondheim

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Jon Michelet på kortlisten til prestisjetung britisk krimpris
Jon Michelets prisbelønte krimbok Den frosne kvinnen er kortlistet til en av årets CWA Dag...

Les mer

Kjersti Annesdatter Skomsvolds nye roman forhåndssolgt til Danmark og Tyskland
Kjersti Annesdatter Skomsvolds nye roman, Barnet, utkom fredag forrige uke til svært gode...

Les mer

Bok om 70-tallsfeministene i nytt opplag
Boken Vi var mange. Kvinneaktivister fra 70-tallet forteller utkom i juni til stor...

Les mer

Magnus E. Marsdals Frihetens mødre allerede i nytt opplag
Magnus E. Marsdals Frihetens mødre utkom nylig til strålende kritikker, og bøkene fyker u...

Les mer

Rune Christiansen-roman til USA og Canada
Rune Christiansens roman Fanny og mysteriet i den sørgende skogen er nå solgt USA og Canad...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish