Lansering av Tormod Hauglands "Om dyr og syn" på Boksalongen i Bergen

Torsdag 17. august kl. 19:30 på Boksalongen, Østre Skostredet 5-7, Bergen.

I Tormod Haugland sin nye roman heiter hovudpersonen Tormod Haugland, og romanen problematiserer blant anna tilhøvet mellom liv og dikting.

Handlinga i Om dyr og syn er lagt til ei lita bygd på Vestlandet på 1960–, 70– og 80-tallet. Med gardslivet og bygdekulturen som bakteppe følgjer vi Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida, fram til han er ung kunststudent i Bergen.
Som liten gut oppdagar Tormod ein slåsshanske i faren sitt skrivebord, som han byrjar å ta med seg overalt. Tormod har ikkje alltid kontroll, verken over seg sjølv eller over omgivnadene sine. Han balanserer ofte faretruande på kanten, enten han køyrer traktor ned ein alt for bratt skrent, samlar ved til eit sankthansbål eller går åleine rundt i gatene i Bergen. Tormod er fødd til å bli bonde, men lengtar samtidig etter noko anna. 

Om dyr og syn er ein roman om dyr og menneske, kunst og natur. Det handlar om å vekse opp, om å bli ein mann og om å ta dei store vala i livet. Det har blitt ein varm, rå og gripande roman, som nok også representerer ei ny vending i Tormod Hauglands forfattarskap.

Tormod Haugland (fødd 1962) debuterte med romanen Under i 1994, og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2015 vart Haugland nominert til Ungdommens kritikerpris for romanen Mørk materie.
Velkommen til lansering!

Opplesing ved forfattarane Odd W. Surén, Gunnhild Øyehaug, Pål Norheim, Øyvind Ådland og Tormod Haugland. Samtale om romanen Om dyr og syn.

Se arrangement på Facebook: Lansering: "Om dyr og syn"

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Magnus E. Marsdals Frihetens mødre allerede i nytt opplag
Magnus E. Marsdals Frihetens mødre utkom nylig til strålende kritikker, og bøkene fyker u...

Les mer

Rune Christiansen-roman til USA og Canada
Rune Christiansens roman Fanny og mysteriet i den sørgende skogen er nå solgt USA og Canad...

Les mer

Dag Solstads gjennombrudd i USA og Storbritannia?
Dag Solstads romaner T. Singer og Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman er nå ut...

Les mer

Karin Sveen og Espen Søbye på topp 10-liste over beste skandinaviske sakprosabøker
Norsk Litteraturfestival, Morgenbladet, Weekendavisen, Aftonbladet og Broen.xyz offentliggjorde i...

Les mer

Aina Villanger tildelt Tanums kvinnestipend 2018
I dag ble det kjent at Tanums kvinnestipend 2018 tildeles Aina Villanger.Tanums kvinnestipend til...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish