Vinje, vår mann // Førde – med Lars Amund Vaage

6. april 2018, var det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. I den samanheng er det ei glede å fortelje at Sogn og Fjordane teater og Rom for ord feirar målmannen, diktaren og folkeopplysaren med ein ny litterær konsert og teater-produksjon: ”Vinje, vår mann”.

I denne litterære framsyninga fortel han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

”Ferdaminne frå sumaren 1860” av Aasmund O. Vinje var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde konstruert.

– Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste. Vaage held fram:

– Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma;
Heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
...

«Du les vitet av deg», vart det sagt til Aasmund, då han voks opp. Forholdet mellom bokleg lærdom og lærdom frå livets skule er ei hovudsak for Vinje, i både liv og verk. Han var nok ein av dei mest lærde i si tid, men praktisk lærdom såg han aldri bort ifrå.

– Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage.

”Vinje, vår mann” får premiere under kulturnatt i Sunnfjord, fredag 1. Juni 2018 i Haarklousalen i Førde.
Deretter har framsyninga turnepremiere på Boknatta i Fjærland laurdag 2. Juni 2018.

Se arrangement 1. juni på Facebook: Vinje, vår mann // Førde – med Lars Amund Vaage
Se arrangement 2. juni på Facebook: Vinje, vår mann // Fjærland – med Lars Amund Vaage

  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Magnus E. Marsdals Frihetens mødre allerede i nytt opplag
Magnus E. Marsdals Frihetens mødre utkom nylig til strålende kritikker, og bøkene fyker u...

Les mer

Rune Christiansen-roman til USA og Canada
Rune Christiansens roman Fanny og mysteriet i den sørgende skogen er nå solgt USA og Canad...

Les mer

Dag Solstads gjennombrudd i USA og Storbritannia?
Dag Solstads romaner T. Singer og Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman er nå ut...

Les mer

Karin Sveen og Espen Søbye på topp 10-liste over beste skandinaviske sakprosabøker
Norsk Litteraturfestival, Morgenbladet, Weekendavisen, Aftonbladet og Broen.xyz offentliggjorde i...

Les mer

Aina Villanger tildelt Tanums kvinnestipend 2018
I dag ble det kjent at Tanums kvinnestipend 2018 tildeles Aina Villanger.Tanums kvinnestipend til...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish