Design: Exil Design
Last ned høyoppløselig versjon av omslag
Pris kr 349,00

Sol, seier ho

Aanestad, Ingrid Z.

IB Pris kr 349,00
| ISBN 978 82 495 1300 0

To dagar går. Eg søv nesten ikkje. Eg ligg med Vasco, høyrer han falla i søvn, står opp att. Det er noko gjennomskinleg med fargen på auga mine, med huda rundt auga. Eg sit ved vindauget, eg prøver ikkje å jobba. Når det lysnar, går eg og legg meg, søv kanskje ein halvtime, vaknar med kroppen pressa inn mot ryggtavla hans. Utskrifta av billetten ligg i vindaugskarmen, me snakkar ikkje om at han skal reisa. Påskeliljene på framsida av huset spring ut, Linnea lever uforklarleg lett ved sida av oss.

Sol, seier ho er romanen om Anna. Ho bur på ein liten gard, ikkje langt frå havet. Her prøver ho å finna feste. Ho vil fullføra masteroppgåva. Ho tek seg av Linnea, dotter til venninna Judit. Kjærasten bur i Portugal. Dei møtest når dei kan. Det blir lenge mellom kvar gong. Ein dag i mai set Anna seg på flyet til Lisboa utan at Vasco veit at ho kjem.

Sol, seier ho er ein roman om tilhøyrsle, oppbrot og forsvinning. Om måtar å vera nær andre menneske på, og måtar å vera langt frå kvarandre på.

Omtale

"Aanestad sløser aldri med ord. Det gjer ho heller ikkje i denne romanen. Men stilistisk tar ho eit langt steg framover i årets roman. Ho er sikker i språkføringa, det er langt meir tyngde i språket hennar nå enn i dei tre første romanane. Ho er nøyaktig i ordval, konsis i uttrykksmåte, og skapar fart i handlingsgangen. Den absolutt mest vellukka romanen til Aanestad så langt."

AUDUN SKRYTEN, JÆRBLADET

"Ingrid Z. Aanestad skriv for dei lettrørde og kresne. Bøkene til Ingrid Z. Aanestad kan ein godt kalle minimalistiske. Den litterære kvaliteten viser seg i at det gir lite meining å prøve å skilje form og innhald; estetikken er meining og meininga estetikk …boka er skriven med stor språkleg presisjon"

MERETE RØSVIK GRANLUND, DAG OG TID

"Ingrid Z. Aanestad har siden debuten i 2006 opparbeidet seg en trygg posisjon i det norske litterære landskapet … Aanestad skaper presise episoder i et filmatisk språk. Boka demonstrerer en utpreget sans for komposisjon og rytme, kapitlene avslutter åpent, ofte gåtefullt"

MARIA ALNÆS, KLASSEKAMPEN

"Anna er levende, hele boka gjennom. Og derfor er Ingrid Z. Aanestad en interessant forfatter, for hun skriver frem et helstøpte liv en blir nysgjerrig på. Uten at det blir tregt skriver Aanestad med enkle ord frem Annas hverdag ... Det Aanestad gjør så elegant, er å få frem kompleksiteten i det å være avhengig av andre. I alle Annas relasjoner er det noe som dirrer, personene er på samme tid nære og fjerne. Man blir usikker på hvem som trenger hvem, det veksler, og intensiteten holdes oppe. Og det er denne rolige intensiteten som, sammen med det vakre språket, gjør Aanestads fjerde roman til en høydare denne bokhøsten"

IDA VÅGSETHER, STAVANGER AFTENBLAD
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Marie Auberts Voksne mennesker forhåndsolgt til Danmark og Sverige
Marie Auberts romandebut Voksne mennesker er nå solgt til Danmark og Sverige, hele seks u...

Les mer

Dag Solstad med ny roman om Bjørn Hansen
Høsten 2019 utkommer Dag Solstad med ny roman. Boken, som har fått tittelen Tredje, og siste,...

Les mer

Per Pettersons nye roman hylles i Danmark
Per Pettersons roman Menn i min situasjon utkom i Danmark fredag i forrige uke. Det går ik...

Les mer

Tina Åmodt tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2019
Tina Åmodt ble i går ettermiddag tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2019. Åmodt mottok stipend...

Les mer

Mikael Niemis Koke bjørn – nå 20.000
Mikael Niemis roman Koke bjørn har ligget på Bokhandlerforeningens bestselgerliste siden d...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish