Drikkeviser frå Paris

Kleiva, Anna

HFT Pris kr 279,00
| ISBN 978 82 495 1652 0

I eit støvete, gloheitt Paris kjem ein grisunge trippande. På ryggen ber han ein skrønemakar, felespelar, rømling. Diktsamlinga Drikkeviser frå Paris er ein ravande runddans i eit Paris du ikkje kjenner frå før. Her bur ei bestemor som byr på opiumsmakronar, den småkriminelle Didier og ein bitter, gammal fjøsnisse frå moderlandet.

Draumesekvensar og litterære referansar glir saman i ei fandenivoldsk røre av folklore og ljug. Dei brennevinsstinkande kneipene glimtar av salt kjærleik og svinsk fest; halvfulle pastisflasker, gapande metromunningar, ustyrlege eventyr og den gamle angsten. Det er bygdafest i forstadene, og mørk vandring i verda under gatene der knoklane finst.

Ei utvisking av grenser gir dikta ei særeigen, rykkande kraft – dei utfordrar grensene mellom å føle og ikkje føle forplikting, mellom lavstil og høgstil, dyr og folk, fantasi og verkelegheit, tekst og intertekst, kropp og by, bygde-Noreg og Paris.

Drikkeviser frå Paris er ei svimmel og frodig diktsamling om stole gull og glovarmt begjær, om lausriving og uro, om å gi slepp, dikte seg ut, rulle seg i søla.

Klikk her for å bla i boka Drikkeviser frå Paris.

Omtale

"Anna Kleiva har satset på å røre sammen språk- og bilde-elementer som tradisjonelt ikke har så mye med hverandre å gjøre, og som kanskje nettopp derfor er så inspirerende. Og om det ikke er en klassisk Paris-skildring, er det blitt ei framifrå skildring av møtet mellom det franske og bygdenorske med en kobling som det gnistrer av. Dette er bare herlig."

GEIR VESTAD, HAMAR ARBEIDERBLAD

«Leken, absurd og lett grotesk diktsamling fra et stort talent … hun tilhører toppsjiktet av norske poeter … Selv om diktsamlingen er maksimalistisk i formen med overlessede dikt og fantasifulle vendinger, er den gjennomgående godt komponert. Kleiva har funnet sin egen stemme. Diktene er både rølpete og sanselige og preges av et språklig overskudd … Tommelen opp for Kleivas evne til å stadig fornye seg selv og diktene. Og for å gi oss et helt nytt og friskt blikk på en gjennomromantisert hovedstad»

SILJE STAVRUM NOREVIK, BERGENS TIDENDE

"Anna Kleiva har teke vegen til poesiens og bohemens hovudstad Paris. Men der drikk ho ikkje vin med kultureliten, ho ranglar med ein norsk gris og ein fjøsnisse ... Det er ei frygd å lesa dikt som «Cocotte» og «Overtakinga» ... Med det sprelske heilnorske fylgjet på slep snur ho opp ned på byen med dei tunge europeiske tradisjonane ... full av overskot invaderer ho Frankrikes hovudstad med sprelske påfunn og eit skamlaust humør ... Den frekke tonen og sanselysta gjer Drikkeviser frå Paris til ei feirande samling. Eg ventar spent på Kleivas neste bok"

RONNY SPAANS, DAG OG TID

"Litterær karuselltur til eit annleis, farlegare og endå meir fargerikt Paris, der fjøsnissen fylgjer med henne som vil flytta frå bygda og seg sjølv. Anna Kleiva er ein språkkunstnar i fremste rad blant unge poetar ... Kleiva rår over ei stor biletskapande kraft"

KNUT ØDEGÅRD, VÅRT LAND
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Karl Ove Knausgårds bok om Munch i nytt opplag
Karl Ove Knausgårds Så mye lengsel på så liten flate ble lansert 4. mai til strålende krit...

Les mer

Karl Ove Knausgård tildelt Jerusalem Prize 2017
Karl Ove Knausgård ble i går tildelt Jerusalem Prize 2017. Overrekkelsen fant sted under åpningen...

Les mer

Forlaget Oktober størst på norsk skjønnlitteratur i 2016
Den norske Forleggerforening presenterte i går bransjestatistikken for bokomsetningen i Norge i 2...

Les mer

Marianne Clementine Håheim tildeles Bjørnsonstipendet 2017
I dag ble det kjent at Marianne Clementine Håheim tildeles Bjørnsonstipendet 2017. Stipendet på 2...

Les mer

Nina Lykkes Nei og atter nei til Polen
Nina Lykkes andre roman, Nei og atter nei, utkom i august i fjor til strålende kritikker....

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish