Design: EXIL DESIGN
Last ned høyoppløselig versjon av omslag
Pris kr 379,00

Den vesle pianisten

Vaage, Lars Amund

IB Pris kr 379,00
| ISBN 978 82 495 1800 5

Nokre få gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand også, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene på klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var også sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endå om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nå.

I dei åtte novellene i Den vesle pianisten finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige språk, borte frå heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim å finna.

Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv han om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

Her kan du bla i boka Den vesle pianisten

Omtale

"Stilsikre novellar om språk, ord og liv. Lars Amund Vaage har ei særmerkt men sterk stemme i norsk litteratur, også denne gongen ... Språket i Vaages prosa har mange poetiske drag, ikkje minst ein rytme som festar seg etter som ein les. Gjennom dette særmerkte språket veks personar og landskap, ikkje minst hus og heimar, og hyblar, fram ... Vaage skriv om røter, tradisjon, kulturlandskap og familiekultur. I forteljinga om ’Den vesle pianisten’ les vi om kampen for det kunstnarlege språket, det rette uttrykket, om å meistre eller ikkje, om å kopiere eller skape nytt. Dette er ei rik bok."

EMIL OTTO SYVERTSEN, FÆDRELANDSVENNEN

"Finslipt novellekunst fra Lars Amund Vaage ... på sitt beste er de høydepunkter i norsk prosa ... De sju novellene i høstens bok er alle preget av den lettflytende, fint registrerende prosaen til Vaage ... Den norske bygdeblygheten får seg et slag på nesa av den hvasse Vaage. For midt i den finslipte prosaen kan denne forfatteren være klartskuende til det brutale ... i den avsluttende 'Seint' [..] viser Lars Amund Vaage igjen hvor elegant han kan formulere en fortelling om manglende nærhet og underskudd på kjærlighet. Med hjelp av få og presise setninger stiger det fram en familie som er ute av stand til å sette ord på sine gode følelser. En avslutning som retter oppmerksomheten mot styrken i denne novellesamlingen, koblingen mellom det stilistisk elegante og den ubehagelige avdekkingen av vår ofte hjelpeløse evne til kommunikasjon"

TURID LARSEN, DAGSAVISEN

”Lars Amund Vaage er varhetens mester i norsk litteratur ... Lars Amund Vaage (LAV) skriver til dels høytidelig om det lave i mennesket, men også jordnært om det høye, om de edlere aspirasjoner, om kunsten, særlig musikken, og selv om personene i boken kommuniserer dårlig med omverdenen, korresponderer tekstene med leserens erfaringer og gjør dem rikere, særlig ved forfatterens følsomhet for de avgjørende øyeblikkene og ørsmå stemningsskiftene i den enkeltes sinn, og i den ordløse delen av menneskenes dialoger.”

ODD W. SURÉN, VAGANT

”Vaages nye noveller spiller på kjente toner i grenselandet mellom språk, musikk og språkløshet ... Med korte, enkle setninger, ofte med spørsmålstegn, beveger teksten seg i sirkler rundt menneskelivet, forsøker å fatte livets grenser, med en ordknapphet og elegi som kan minne om gammeltestamentlige tekster.”

TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN

”Ordmusikk og tonespråk fra Vaage ... Årets Den vesle pianisten består av åtte forholdsvis lange, men velkomponerte og på ulikt vis interessante noveller som tar opp i seg kjernen i Vaages tematiske register: Språk, musikk og fortelling, utenforskap, tradisjon og samfunn, og kjærlighetens vilkår og vesen. Samtlige noveller bærer forfatterens umiskjennelige stilistiske signatur ... Flere av Vaages personer strir taust med sitt ... Forfatteren selv derimot synes å søke seg stadig dypere inn mot dette usigelige, som diktet dog skal røpe. Og takk for det!"

SIGMUND JENSEN, STAVANGER AFTENBLAD

"Åtte sterke soger frå Vaage ... Eg syntest det var ei stor glede å lese denne novellesamlinga. Ho har mange lag, og heile tida kunne eg nyte forteljingane på grunn av Lars Amund Vaage sin intense og tildels suggererande måte å skrive på.
Boka er med dette tilrådd!"

VIDAR HAUGLAND, KVINNHERINGEN

"Stødig om sakn. I sterke noveller skildrar Lars Amund Vaage korleis ord, eller mangelen på ord, påverkar relasjonar og stemningar ... Forfattarar er heldigvis i den særstillinga at dei kan skildre språkløyse og ordløyse med språk, med Vaage i tetsjiktet ... Språkstilen til Vaage sjølv er rik, dynamisk, klangsterk og undersøkande. Lesaren blir ikkje usikker på kva steg forfattaren har i trappa. Utan at det dermed er sagt at vi veit kvar han til ein kvar tid skal"

INGVILD BRÆIN, DAG OG TID

"Den vedvarande appellen ved Vaages prosa ligg i at den evnar å balansere så fininnstilt mellom noko mytisk og noko handfast. Det resulterer ofte i eit påtakeleg musikalsk, for ikkje å seie vakkert språk ... Prosaen er òg appellerande fordi ein overraskande kvass humor avverger det potensielt pompøse ved skildringa av det tause og språklause ... det er få forfattarar i samtidslitteraturen som evnar å skrive om musikk og få det ikkje berre til å bli eit tema, men òg ei form ... det stikk djupt, kjærleiken til språket, til menneska og til musikken. Det er med ein slik sensibilitet overfor ei musisk einsemd Lars Amund Vaage peiker seg ut som ein av våre verkeleg gode samtidsforfattarar"

MARGUNN VIKINGSTAD, MORGENBLADET
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Flere Solstad-romaner tilgjengelig på tysk
Dag Solstads romaner T. Singer og 16.07.41 er nå solgt for oversettelse til tysk. D...

Les mer

Hanne Ørstaviks Tiden det tar til Romania
Hanne Ørstaviks kritikerroste roman Tiden det tar ble nylig solgt til Romania, til forlage...

Les mer

Hanne Ørstaviks Kjærlighet på Oprah.com
Hanne Ørstaviks kritikerroste roman Kjærlighet er en av fire anbefalte bøker på Oprah Winf...

Les mer

Karl Ove Knausgård nominert til Sørlandets Litteraturpris 2018
De nominerte til Sørlandets Litteraturpris ble offentliggjort under fylkets kulturkonferanse i Ar...

Les mer

Per Pettersons Til Sibir solgt til Ungarn
Per Pettersons roman Til Sibir fra 1996 ble nylig solgt til Ungarn til forlaget Scolar. Sc...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish