Design: EXIL DESIGN
Last ned høyoppløselig versjon av omslag
Pris kr 349,00

Sibylle

Aanestad, Ingrid Z.

IB Pris kr 349,00
| ISBN 978 82 495 1712 1

Eit fotografi er festa med teip på innsida av garderobedøra til mormor. Det viser Synne ti år, kledd i ein grøn, vaksen kjole, altfor stor over skuldrene. På hovudet har ho ein pillehatt med slør, leppene er raudmåla, huda veldig kvit. I armane held ho eit lite barn, ho ser rett inn i kameraet utan å smila. Ho står framføre ei garderobedør, fargen er den same bleikgule.

Storesyster Synne kjem heim frå Berlin, og saman med faren køyrer Synne og Sibylle den lange vegen vestover for å besøka mormora. Mora vaks opp der, men på veggene heng det ingen bilete av henne. For Sibylle finst ho berre som brotstykke av dei andre si forteljing.

Sibylle er ein roman om å vera systrer i spennet mellom intim nærleik og veldig avstand, og om å leva både med det som finst og med det som ikkje finst. I ein straum av glasklare setningar skriv Ingrid Z. Aanestad fram eit djupt hòl i eit ganske alminneleg liv.

Klikk her for å bla i boka Sibylle

 

Omtale

"Det er ein fin roman Aanestad her har skrive, teksten er konsentrert og komprimert, og personane opplever slikt dei fleste truleg kan kjenna seg att i. Her er det ikkje dei uvanlege situasjonane som definerer personane, men det som er norma for dei, og opplevinga av det som utgjer denne norma. Aanestad er kompromisslaus når det gjeld stil og metode, ho gjer seg ikkje til for lesaren, men skriv samla og med opne sansar slik at det dramatiske ovrar seg i det trivielle for lesaren. Sibylle er kort sagt framifrå skrivekunst"

ODD W. SURÉN, DAG OG TID

"Aanestad fortsetter å skrive god, poetisk prosa ... en vakker skildring om å miste en som står en nær, i dette tilfellet en mor ... de små endringene savnet skaper løftes fram og blir tydelige. Vi får vite lite om moren, fokuset ligger på de som er igjen og tomrommet morens fravær har skapt, og Aanestads språk passer til å vise nettopp dette ... Aanestads vakre, dempa fortellermåte gjør hennes romaner særegne og sterke, og Sibylle er intet unntak"

IDA VÅGSETHER, STAVANGER AFTENBLAD
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Tore Renbergs Skada gods klatrer på bestselgerlista
Tore Renbergs nye roman Skada gods utkom nylig til unisont gode kritikker fra anmelderne....

Les mer

Nina Lykkes Nei og atter nei til Sverige
Nina Lykkes Nei og atter nei utkom i fjor høst til strålende kritikker, og interessen for...

Les mer

Kjell Askildsens noveller hylles i Sverige
Høsten 2014 utga Forlaget Oktober Askildsens beste, en nytt utvalg av Kjell Askildsens nov...

Les mer

Per Pettersons Ut og stjæle hester til Vietnam - nå 51 land
Per Pettersons roman Ut og stjæle hester er nå solgt til hele 51 land. Den litterære klass...

Les mer

Linn Ullmann nominert til prestisjetung svensk litteraturpris
I dag ble det kjent at Linn Ullmann er nominert til Kulturhuset Stadsteaterns internasjonale litt...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev
  • Fritekstsøk
  • Arrangement
17.10.2017

Thorvald Steen på Litteraturhuset i Bergen

Les mer
21.10.2017

En kveld med Tore Renberg på Chagall i Bergen

Les mer
27.10.2017

En kveld med Tore Renberg på Spira i Flekkefjord

Les mer
28.10.2017

En kveld med Tore Renberg i Lyngdal

Les mer
29.10.2017

En kveld med Tore Renberg – Buen kulturhus i Mandal

Les mer
KOMMENDE

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish