Kjartan Hatløy

Foreign rights information/Salg til utlandet

Kjartan Hatløy (f. 1954) debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven. Sidan har han gitt ut ei lang rekke kritikarroste samlingar. Kjøkkendikt frå 2012 blei innstilt til Brageprisen, mens Den kvite vegen (2016) blei innstilt til Ungdommens kritikerpris og er omsett til tysk. I 2017 utkom Dikt i samling, som inneheld alle Hatløys bøker t.o.m. Den kvite vegen. Same år utgav den tyske filmskaparen Frank Wierke ein dokumentarfilm om forfattaren Kjartan Hatløy, Der SonnenfuchsMenneskedagar er Kjartan Hatløys 13. samling.

Hatløy er rekna som ein av våre største naturlyrikarar. I 2015 blei han heidra med lyrikkprisen Diktartavla for sin markante forfattarskap. Den legendariske diktarstien i tunet på Hardanger folkemuseum blei med dette utvida med steintavle nr. 24. Diktartavla skal fremja positiv merksemd om norsk lyrikk og er eit samarbeid mellom Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum.

Bøker utgitt på Oktober

2018 Menneskedagar
2017 Dikt i samling
2016 Den kvite vegen
2014 Mi meinings hus
2012 Kjøkkendikt
2011 Fjord
2006 I kråkekrins
2005 Riket er vårt, damti, damti
2003 Steg frå klår himmel
2002 Nattsong og andre forteljingar
2001 Stasjon smale seng
1999 Svarte lyn
1997 Svarande pupill
1996 Solreven

Litterære priser

2015 Diktartavla
2014 Kvernsteinprisen
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Mikael Niemis Koke bjørn – nå 20.000
Mikael Niemis roman Koke bjørn har ligget på Bokhandlerforeningens bestselgerliste siden d...

Les mer

Kathrine Nedrejord tildelt Havmannprisen 2018
Lørdag ble Kathrine Nedrejord tildelt Havmannprisen 2018. Hun mottok prisen for den kritikerroste...

Les mer

Stor begeistring for Kjersti Annesdatter Skomsvolds Barnet i Danmark
Kjersti Annesdatter Skomsvolds roman Barnet utkom høsten 2018 til svært gode kritikker. De...

Les mer

Øyvind Bergs romandebut forhåndsolgt til Bulgaria
Neste uke lanseres Øyvind Bergs romandebut Roseromanen. Allerede før utgivelsen i Norge er...

Les mer

Nina Lykkes Nei og atter nei – nå 55.000
Nina Lykkes roman Nei og atter nei er nå trykket i hele 55.000 eksemplarer. Den...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish