Edvard Hoem

Foreign rights information/Salg til utlandet

Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. I 2007 gav han ut den kritikerroste Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 (2009), Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889 (2010), Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899 (2011) og Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013). I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 300.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar. Romanen bygger på Jordmor på jorda (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. 

I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris.

Utdrag fra juryens begrunnelse:
«Heidersprisvinnaren har skrive uforgløymelege portrett av menneske, deira liv og virke, og han har ei eiga evne til å skildre gleda og slitet i all slags arbeid, til å utforske sosiale klassar og vise nyansane i ulike menneskeliv.

Heidersprisvinnaren har ei heilt eiga omsorg for karakterane sine, og han lar dei aldri stå fram som berre det eine eller det andre. Det er sagt om romanane til heidersprisvinnaren at dei er eit synleggjeringsprosjekt, at dei gir ei stemme til dei som ikkje har det. Forfattaren viser stor solidaritet, ikkje berre som forfattar, men også som eit samfunnsengasjert menneske.

Årets heidersprisvinnar har rokke over mykje og har ein svært imponerande produksjon bak seg, som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar, og han har dei siste åra hatt ikkje berre årlege, men også svært omfangsrike, utgivingar».

Bøker utgitt på Oktober

2018 Jordmor på jorda
2017 Liv andre har levd
2016 Land ingen har sett
2015 Bror din på prærien
2014 Slåttekar i himmelen
2013 Hamlet
2013 Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910
2011 Syng mig hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890-1899
2010 Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889
2010 Bjørnsons beste
2009 Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875
2009 Henrik IV, del II
2008 Henrik IV, del I
2007 Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg.
2005 Mors og fars historie
2005 Richard II
2004 Kom fram, fyrste!
2003 Den fattige Gud. Salmar og balladar.
2002 Audun Hestakorn
2000 Som du vil
2000 Frøken Dreyers musikkskole
1999 Macbeth
1998 Richard III
1997 Når trollet skal temmast
1996 Othello
1996 Tid for klage, tid for dans
1995 Meisteren og Mirjam
1994 Troilus og Kressida
1993 Engelen din, Robinson
1991 I Tom Bergmanns tid
1990 Kjøpmannen i Venezia
1989 Sankt Olavs skrin
1987 Ave Eva
1985 Romeo og Julie
1985 Heimlandet. Barndom
1984 Prøvetid
1981 Kong Lear
1974 Kjærleikens ferjereiser

Litterære priser

2019 Brages hederspris
2013 Språkprisen
2008 Ibsenprisen
2007 Petter Dass-prisen
2006 Melsomprisen
1989 Gyldendalprisen
1988 Melsomprisen
1988 Doblougprisen
1987 Nynorsk litteraturpris
1985 Aschehougprisen
1974 Kritikerprisen
  • Handlekurv
Handlekurven din er tom
  • Nyheter

Matias Faldbakken nominert til Osloprisen 2019
Matias Faldbakkens kritikerroste roman Vi er fem er nå nominert til Osloprisen 2019. Tre r...

Les mer

Nina Lykke og Anne B. Ragde selger mest av årets norske romaner
Blant julehefter og barnebøker er det to norske romaner som hevder seg på Bokhandlerforeningens...

Les mer

Rune Christiansen utnevnt til fransk ridder
Rune Christiansen ble fredag kveld utnevnt til «Chevalier de l’Ordre des Arts et des Lettres» (ri...

Les mer

Nina Lykkes Full spredning i nytt opplag – nå 38.000
Nina Lykkes roman Full spredning. En legeroman er fortsatt landets mest solgte norske roma...

Les mer

Hanne Ørstaviks Kjærlighet roses i The Guardian
Hanne Ørstaviks roman Kjærlighet (eng. tittel: Love) ble nylig lansert i Storbritan...

Les mer ARKIV
  • Nyhetsbrev

Webdesign og publiseringsverktøy fra Netmaking | Powered by eZ Publish