Pressekonferanse og lansering av Edvard Hoems biografi om Bjørnstjerne Bjørnson
Fredag 6. november kl. 10.30 på Nationaltheatret holder Forlaget Oktobers pressekonferanse om Edvard Hoems biografi om Bjørnstjerne Bjørnson. Boken har tittelen Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832-1875.
Velkommen til en bred presentasjon av boka. Edvard Hoem forteller.
Enkel servering.
Om boka:
Femten år gammal les Bjørnstjerne Bjørnson i avisa om den franske februarrevolusjonen og om opprøret mot Europas mektige som spreier seg frå land til land. Noko vakna til liv i han, ei tru på folkeopplysing og ei betre framtid for vanlege menneske, som han ber med seg resten av livet. I Villskapens år følgjer vi Bjørnstjerne Bjørnson frå han er ein ukjend og ærgjerrig ung mann, til han midt i livet flytter inn på Aulestad. Han blir førande i kampen for eit moderne og demokratisk Norge. Han gjer teatret til skodeplass for det verkelege livet. Han innvarslar den litterære realismen i Norden.
Vi møter Bjørnstjerne Bjørnson som kunstnar og politikar, som eit menneske blant andre menneske, som ektemannen til Karoline. Aldri før har det vore skrive så levande om vennskapet og konfliktane mellom Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, frå dei møttes tidleg i ungdommen, til dei gjekk kvar sin veg.
Villskapens år er første band i Edvard Hoems store biografi om Bjørnstjerne Bjørnson.
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969, og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen for denne romanen. Bøkene hans er selde til åtte land. I år feirar Edvard Hoem 40-årsjubileum som forfattar.
- Nyheter
Kjell Askildsen til Makedonia og Israel
Kjell Askildsens noveller når stadig nye lesere. Novellesamlingen En plutselig frigjørende tanke...
Skomsvolds debutroman til 12 land
Kjersti Annesdatter Skomsvolds debutromanJo fortere jeg går, jo mindre er jegble nylig solg...
Arild Stavrums fotballkrim solgt til Danmark
Arild Stavrums fotballkrimGolden Boys er nå solgt til Danmark. Det er forlaget People’s Press som...
Thorvald Steen-romaner til Egypt
Rettighetene til to av Thorvald Steens bøker er nå solgt til Egypt. Det er forlaget Nawafez...
Linda Boström Knausgård i NRK Radioteateret søndag 6. mai
Denne ukens Radioteateret er viet Linda Boström Knausgård og hennes kritikerroste novellesa...
- Nyhetsbrev

- Fritekstsøk
- Arrangement
Tore Renberg på Reine Ord – Lofoten internasjonale litteraturfestival
Les merLinn Ullmann på Reine Ord – Lofoten internasjonale litteraturfestival
Les merNiels Fredrik Dahl på Reine Ord – Lofoten internasjonale litteraturfestival
Les merArild Stavrum signerer på Ark Manglerud
Les mer