Foto: Torunn Nilsen Last ned høyoppløselig versjon av bildet
Lars Amund Vaage
Foreign rights information/Salg til utlandetLars Amund Vaage (fødd 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse kald vinter. Tre år seinare slo han gjennom med romanen Fager kveldssol smiler. Han har sidan skrive ei rekke særeigne romanar, noveller, skodespel, barnebøker og dikt. Han er og gjendiktar. Han har motteke mange prisar for bøkene, mellom anna Kritikerprisen i 1995 for Rubato, og Aschehougprisen samme år, for Rubato blei han også innstilt til Nordisk Råds pris. Han har fått Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfatterskap. I 2002 fekk han P2-lyttaranes pris for romanen Kunsten å gå, i 2005 fekk han Emmausprisen for Tangentane og i 2011 fekk han Melsomprisen for Skuggen og dronninga
Han er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skiljer seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Vaage er ein framifrå stilist og formelt utprøvande i det han skriv. Fleire av bøkene hans har skapt debatt då dei kom ut, t.d. Den framande byen, den nyskapande historiske romanen om psykiataren Wilhelm Reich, og romanen Tangentane om ein knust musikardraum frå 2005. Nokre av verka hans har blitt omsette til andre språk, t.d. tysk, russisk, polsk, hindi og engelsk.
I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.
Han har gjendikta den amerikanske lyrikaren Lorine Niedeckers viktigaste verk Nord sentralt (2003), og Å koma tilbake frå fienden (2006) av cherokee-indianaren Joy Harjo. I 2009 kom Sanndrøymd. Dikt for unge av poeten og bygningsmannen Bob Arnold. I 2007 ga han ut ei omsetjing av Katt på heitt blekktak av Tennessee Williams. I dei seinare åra har han samarbeidd med fleire musikarar, mellom anna har han skrive tekstar til eit rekviem av Tord Gustavsen som vart framført på Arendal jazz og bluesfestival sommaren 2009.
I 2011 fekk Vaage Melsomprisen for romanen Skuggen og dronninga.
Bøker utgitt på Oktober
| 2011 | Den stumme |
| 2010 | Skuggen og dronninga |
| 2006 | Utanfor institusjonen |
| 2005 | Tangentane |
| 2002 | Kunsten å gå |
| 2001 | Det andre rommet |
| 1999 | Den framande byen. Ein roman om Wilhelm Reich |
| 1995 | Rubato |
| 1992 | Oklahoma |
| 1989 | Begynnelsen |
| 1987 | Baronen |
| 1985 | Dra meg opp! |
| 1983 | Kyr |
| 1982 | Fager kveldssol smiler |
| 1979 | Øvelse kald vinter |
Litterære priser
| 2011 | Melsomprisen |
| 2005 | Emmaus-prisen |
| 2002 | Gyldendalprisen |
| 2002 | P2-lytternes romanpris |
| 2001 | Festspilldikter i Bergen |
| 1999 | Oktoberprisen |
| 1997 | Doblougprisen |
| 1995 | Kritikerprisen |
| 1995 | Aschehougprisen |
| 1995 | Nynorsk litteraturpris |
| 1993 | Samlagsprisen |
| 1990 | Alfred Andersson-Ryssts fond |

- Handlekurv
- Nyheter
Ros til Per Pettersons femte utgivelse i Storbritannia
Det britiske forlaget Harvill Secker utga nylig den femte av Per Pettersons bøker på engelsk. D...
Høye salgstall for Karl Ove Knausgård i Sverige
Karl Ove Knausgårds svenske forlag Norstedt melder om høye salgstall av Min kamp-bøkene....
Dansk anmelderapplaus til Min kamp. Femte bok
Karl Ove Knausgårds Min kamp. Femte bok ble lansert i Danmark i går, og boken f...
Historisk søndag med Thorvald Steen
Førstkommende søndag 29. januar skal Thorvald Steen åpne Litteraturhusets nye serie «Historisk...
Helle Helle mottar «De Gyldne Laurbær» i Danmark
I går ettermiddag ble det klart at Helle Helle er årets vinner av «De Gyldne Laurbær» i Danmark...
- Nyhetsbrev

- Fritekstsøk